Hopp til hovedinnhold

Markering av pride og mangfald

Regnebogeflagget

Tysdag 17. juni frå kl. 8. vil dei kommunale grunnskulane i Stord og Stord vidaregåande skule heise regnbogeflagget.

Skulane skal ta omsyn til mangfaldet av barn og unge og legga til rette for at alle får oppleva tilhøyrsle.  Å markera Pride er eit høve til å løfta felles verdiar som skulane bygger på, slik Utdanningsdirektoratet skriv på si nettside Mangfold og pride | udir.no. Alle barn og unge skal ha det trygt og godt. Skeive barn og unge har større risiko for å oppleva mobbing, krenkingar, vald, overgrep, seksuell trakassering og hatkriminalitet, og å få dårlegare psykisk og fysisk helse, og å markera Pride og heisa regnbogeflagget kan ha stor betydning for barn og unge si oppleving av å høyra til og bli akseptert. Det er eit signal om at alle høyrer til i fellesskapet.

 

I tråd med dei grunnleggande verdiane skulen er bygd på heiser dei kommunale grunnskulane i Stord og Stord vidaregåande skule regnbogeflagget tysdag 17. juni frå kl. 8. Arbeid med temaa mangfald, inkludering og retten til å elska kven ein vil skal vera tilpassa barn og unge sitt aldersnivå og modning.