Hopp til hovedinnhold

Søvnkurs for ungdom og informasjonsmøte om søvn for foreldre

Ein QR-kode i bakgrunnen, med teksten "Søvnkurs for ungdom" framfor seg

God søvn kan gi betre konsentrasjon, meir overskot og betre humør. Samstundes veit me at mange ungdommar opplever utfordringar med søvnen. På Stord vidaregåande oppgir 30 prosent av ungdommane at dei har vore så trøytte at det har gått ut over skulearbeidet minst tre dagar i veka (Ungdata 2024).

Stord vidaregåande saman med utekontakten og helsejukepleiar ønsker difor å tilby kurs for elevar og informasjonsmøte for føresette.

Ungdommane deltek på fem kurstreff i skuletida, der dei får kunnskap om eigen søvn og lærer konkrete metodar for å betre søvnen og døgnrytmen.  Kurset inneheld mellom anna:

  •   kartlegging av eigen søvn og søvnmønster
  •   kunnskap om søvn og døgnrytme
  •   råd for gode søvnvanar
  •   stimuluskontroll, ein metode for å styrkje samanhengen mellom seng og søvn
  •   konkrete øvingar og tiltak som ungdommen kan prøve ut mellom kurstreffa

Gjennom dei fem treffa får ungdommane høve til å følgje med på eigen søvn, prøve ut ulike tiltak og finne ut kva som fungerer for dei. Kurset gjev ikkje fråvær.  Kursinnhaldet er utarbeidd av Helsedirektoratet.

Informasjonsmøte om ungdom og søvn for alle interesserte føresette. Som forelder er du invitert til eit informasjonsmøte om ungdom og søvn. Her får du kunnskap om kva som påverkar søvnen i ungdomsåra, kvifor gode søvnvanar er viktige, og kva du kan gjere for å støtte ungdommen. For at ungdommen skal få best mogleg utbytte av søvnkurset, har me eit sterkt ynskje om at du som forelder deltek på dette informasjonsmøtet. Foreldremøtet er elles ope for alle føresette til elevane ved skulen.

Tid: Onsdag 18.november klokka 17.00-18.30.

Stad: : Auditorium Vabakkjen

For spørsmål om søvnkurset, ta kontakt med helsesjukepleiar Elisabeth Helland Lunde - Tlf: 45659860 eller utekontakt Jostein Øgård - Tlf: 47629737.

Påmeldingslenke til søvnkurset: Søvnkurs for ungdom - påmelding – Fyll ut skjema