Skulevalet ved Stord vgs vart gjennomført måndag 01. og tysdag 02. sept. For dei fleste elevane var dette den første erfaringa med korleis det norske valsystemet fungere og korleis ein røyster. Oppslutnaden blant elevane om skulevalet var god og langt dei fleste valde å røyste.
Etter at alle stemmesetlane var blitt talde opp vart det klart at Fremskrittspartiet hadde fått flest røyster og hadde ein framgong på heile 8,3% sidan sist det vart gjennomført Stortingsval, altså for fire år sidan. Høgre hadde ein anda større prosentvis framgong og enda med å bli det nest mest populære partiet blant elevane. For Arbeiderpartiet vart det ein tilbakegong sidan sist Stortings-skuleval og måtte nøye seg med å bli det tredje største partiet. Det kan nemnast at om blanke røyster hadde vore eit parti, så hadde dei enda opp som det fjerde største partiet.
Ein stor takk til elevane på vg1 og vg2 sal og service som stilte opp for å rettleie elevane med korleis dei skulle gjennomførte sjølve røystinga.