Hopp til hovedinnhold

Tevling og kos på siste dag før juleferien

Elevar som spelar volleyball

Skulen sin aktivitetsdag har blitt den siste kraftanstrengelsen for lærarar og elevar før juleferien tek til. Aktivitetane har rett nok eit visst preg av kos og sosialt samvær, slik som brettspel, peparkakebaking og gaming. Men i idrettshallen, der den årelege volleyballturneringa nok ein gong gjekk av stabelen, var det svette, tårer og knallharde servar som gjaldt.

For elevane på vg3 idrettsfag var det ekstra mykje som stod på spel i løpet av aktivitetsdagen. Ikkje berre var dei ansvarlege for alle arrangementa i idrettshallen, men i tillegg vart dei også vurdert med karakterar på sjølve gjennomføringa av tevlinga. Anstrengelsane som idrettselevane la for dagen bar visseleg resultat, for alt gjekk knirkefritt for seg. Laga som deltok i volleyballturneringa såg ut til å storkose seg. Mange av laga hadde lagt ekstra arbeid ned i å stille med kreative lagdrakter og kostymer. På eitt av laga stilte alle spelarane med lynvingendrakt, medan på eit anna hadde alle kledd seg ut som supermann (det er litt usikkert om desse to laga nokon sinne møttest for å utkjempe kven av dei to superheltane som har mest å fare med på volleyballbana). Laget som vann kåringa for beste utkledning var likevel smurfelaget, som stilte med blåmaling på halve kroppen og «autentiske» smurfehattar. Finalen vart ei oppgjer mellom vg2 idrettsfag (2IDB) og elevane på vg2 tømrarlinja, der førstnemnde stakk av med sigeren til slutt. Etter at vinnarane var kåra og rektor hadde helst alle ei god jul, kunne alle elevane dra heim til fjorten dagar med ferie og avslapping.