På Saghaugen har det mangla ein tilrettelagt stad der transportbyråa har kunne setje frå seg varene dei skal levere til skulen. No har derimot eit nytt varemottak sett dagens lys. Nyleg var det offisiell opning av det nye mottaket.
Opninga av varemottaket føregjekk med snorklypping, bobler i glaset og saltstenger som erstatning for kanapéar. Frå no av slepp ein at varer rett og slett berre blir droppa av rett innanfor hovudinngangen til skulen sitt bygg på Saghaugen. Tidlegare har følgjene ofte blitt at varene har stått i vegen for ferdsla inn og ut av bygget. Men no vert det altså andre boller. Driftleiar Ørjan Berg har fått bygd om og innreia eit eige rom rett innanfor inngangen til B-fløyen. Med funksjonelle hyller og godt med plass, kan leverandørane no plassere varene dei kjem med trygt i ly for hovudfartsårene inn og ut av bygningen. Så lenge ein unngår at det nye rommet endar opp som eit lager for skrot som skal kastast i boskontainerane eller som oppbevaringsplass for gymbaggar, er det nok mange som kjem til å setje pris på skulen sitt nye spedisjonslokale.
