Allereie ved skulestart i august vart den nye skulen på Vabakkjen tatt i bruk av elevar og tilsette. Likevel var det først no i medio september at den offisielle opninga av bygget fann stad.
Til å kaste glans over innviinga av skulen hadde både fylkesordføraren i Vestland og ordføraren her på Stord tatt turen. Begge uttrykte kor viktig det er for politikarane i fylket å satse på å gje ungdomane i nærområda eit godt utdanningstilbod og gode fasilitetar, ikkje minst med tanke på kva det har å seie for rekrutteringa til næringslivet i regionen. Eigedomsavdelinga til fylkeskommunen og entreprenøren som har stått bak bygginga fekk peikt på i sine talar kor bra byggjeprosessen med alle involverte hadde fungert, og at dei no var svært nøgde og stolte over resultatet slik det framstår i all sin prakt.
Rektor på skulen, Ellen Strandenes, takka også alle som hadde vore involvert og som har gjort sitt til at ein hadde kome i mål med det nye bygget og at oppstarten av det nye skuleåret hadde kunne blitt gjennomført innanfor tidsramma som var sett. Fylkesordføraren overrekte etter dette ein symbolske husnøkkelen til rektor, og i felleskap klypte dei elektrokabelen som offisielt markerte at bygget no var blitt innvia og opna.
Etter talane og litt mat til gjestene, fekk også elevane som til dagleg går på Saghaugen innta bygget. Dei fleste såg nok innsida av den flotte og moderne skulen for første gong. Til å feire innviinga vart det delt ut kake til både gjester, elevar og tilsette.
