Fredag 6. februar er samane sin nasjonaldag. I år hadde elevar og lærarar på medielinja og musikklinja gått saman for å lage eit arrangement som skulle markere dagen. Rett nok fann arrangementet stad to dagar før, altså den 4. feb. Mange klassar møtte opp, og etter kvart song neste heile salen med på joikane som vart presentert.
I år har skulen vore så heldig å fått knytt til seg lærar Violeta Basa. Violeta er opprinneleg frå Romania, men ho har i fleire år jobba og studert i Kautokeino. Her har ho fått inngåande kjennskap til den samiske kulturen og songtradisjonane deira. Når spørsmålet om å markere samane sin nasjonaldag kom opp på skulen vår, tok difor Violeta på seg ei pådrivarrolle med tanke på å få i stand eit arrangement som skulle markere dagen. På arrangementet bidrog ho sjølv med å framføre fleire av dei samiske songskattane, og klarte å få med seg nesten heile salen på dei delane av songane som var rein joiking. I tillegg hadde elevar på vg2 media laga ei illustrert framstillinga av eit gamal samisk sagn. Eventyrsagnet vart fint lese opp av ein elev. Elevane på vg2 musikk hadde fordjupa seg i samisk og norsk songtradisjon, og dei framførte både eldre og nyare songar frå begge desse kulturane.
