I samband med årets Falturiltu-festival var forfattar Ruth Lillegraven invitert til skulen vår av TO-elevane for å bli bokbada. Elevane ville mellom anna vite korleis ho hadde enda opp med å bli forfattar og kva som er favorittboka hennar.
Etter matfriminuttet på onsdag 05. oktober var det ope for alle til å ta turen innom skulen sin konsertsal for å høyre Ruth Lillegraven bli bokbada av elevar på tilrettelagt opplæring. Salen denne onsdagen var langt frå heilt full. Oppmøtet på tilsvarande tilstelningar før om åra har nok vore betre. Noko av grunn kan vere at årets litterære lunsj fann stad etter at dei fleste elevane faktisk hadde hatt lunsjen sin og difor måtte tilbake til den vanlege undervisninga. For dei som var heldige og som hadde høve til å ta turen innom konsertsalen, var det råd å få høyre dikta til Lillegraven framført til musikk av Annlaug Børsheim. I tillegg vart Lillegraven utfordra til å seie noko om kvifor ho skriv barnebøker der natur og miljø står sentralt. På spørsmålet om kva som er favorittboka, landa Lillegraven på at det var diktsamlingane til Olav H. Hauge som hadde hatt mest å seie for henne opp gjennom åra. At ho enda opp med å bli forfattar var meir eller mindre tilfeldig, avslørte ho. Det heile begynte med at ho rett og slett likte å skrive dikt, for så at desse dikta til slutt blei samla i ei bok. Publikum fekk også litterære smakebitar frå ei av barnebøkene hennar, før ho til slutt las nokre av dikta frå utgivelsen "Eg er, eg er, eg er".
