Medan skulen sine elevar var opptatt med å tene pengar til Solidaritetsdagen den 11. februar, var alle tilsette samla i idrettshallen for å delta på kurs om beredskap og korleis ein utfører førstehjelp.
Kurset i førstehjelp var nok for dei fleste tilsette først og fremst ei viktig oppfrisking i korleis ein gjennomfører livredning. På kurset om beredskap og korleis ein skal handle i situasjonar som nødetatane omtaler som "Pågåande livstruande vold", ofte forkorta til PLIVO, var det derimot mykje som var nytt for mange. Vilde Veum som leia kurset utfordra mellom anna ei gruppe av deltakarane til å prøve å barrikadere ei dør som ikkje var låst. Det å ha tenkt gjennom kva ein kan gjere i livstruande situasjonar kan vere det som reddar liv til både elevar og tilsette når kriser oppstår. Med seg på kurset hadde Veum fått ein frå det lokal politiet. Vedkomande kom mellom anna inn på korleis politiet handlar når slike kritiske situasjonar oppstår og kva dei forventar av personane som er på åstaden for ei PLIVO-hending. Både Veum og politiet påpeikta at det ikkje finst noko fasit for korleis ein skal reagere når slike situasjonar oppstår, men det å ha reflektert rundt kva som kan gjerast når alvorlege hendingar oppstår kan utgjere ein skilnad og vil gjere ein meir førebudd i krisesituasjonar.
