Tradisjonen tru arrangerer Stord Rotary Klubb utdanningsmesse på Vikahaugane dette året også, og Stord vidaregåande skule er som vanleg på plass, saman med 72 andre utstillarar.
Representantar frå skulen, både tilsette og elevar, står klare for å informera ungdomsskuleelevar og andre interesserte om dei mange utdanningstilboda me har. Me står på stand nr. 29 (sjå messekartet i Utdanningsavisa) onsdag 21. og torsdag 22. januar frå kl. 09.00 til 14.00. Velkomen innom standen vår!
Lenke til Utdanningsavisa: https://www.e-pages.dk/agderpostenmagasiner/2084857646/
