Hopp til hovedinnhold

Julelunsj for pensjonistane

Tidlegare tilsette på julelunsj

Torsdag 4. desember var tidlegare tilsette ved Stord vgs. samla på Vabakkjen til triveleg førjulslunsj. Tradisjonen tru var pensjonistane invitert inn til ei førjulsmarkering, der drøsen rundt borda var god. Mange gode historier frå svunnen tid som vart gjenfortald, til gode tonar frå "husbandet".

I år kunne skulen ta imot pensjonistane på nye Vabakkjen. For dei fleste pensjonistane var det fyrste gong dei fekk sjå den nye yrkesfaglege avdelinga som opna august 2025. 

Rektor Ellen Strandenes fortalde litt om oppstart på ny skule, og gav eit innblikk i kva som rører seg av aktivitetar på skulen. 

Etter ein god lunsj vart det omvising på Vabakkjen for å sjå dei gode fasilitetane elevar og tilsette har i skulekvardagen.