Hopp til hovedinnhold

Julegraut på Vabakkjen

Elevar som forsyner seg med julegraut

For å kome i den rette julestemninga vart det servert graut til skulen sine elevar to dagar på rad oppe på Vabakkjen. Den første dagen var det alle vg1-elevane som kunne ta turen innom kantina og få seg ein porsjon. Dagen etter var det vg2 og vg3-elevane som vart servert julegraut.

Etter kvart som alle elevane hadde forsynt seg med graut, steig stemninga og praten rundt borda i vrimleområdet. For at alle skulle få sitjeplass, måtte også borda ved biblioteket i andre etasje takast i bruk. Dei som ønska å forevige augneblenken fekk muligheten til å setje seg i ein oppstilt sofa og la seg fotografere av skulen sin DIY-fotoboks. Bileta vart synt live på ein gigaskjerm som var blitt sett opp ved utgangen.