Hopp til hovedinnhold

Internasjonalt prosjekt ved vegs ende

Elevar som held føredrag i tilknytnad til Erasmus+prosjektet "Inclusion"

Etter to år med internasjonalt samarbeid er Erasmus+-prosjektet «Inclusion – Human Rights and Opportunities for All» no avslutta. Prosjektet har handla om inkludering, like moglegheiter og samarbeid på tvers av landegrenser

Frå Stord vidaregåande skule har totalt 11 elevar frå tre ulike årskull på automasjon delteke i Erasmus+prosjektet.

Gjennom prosjektperioden har me besøkt samarbeidsskulane våre i Tsjekkia, Belgia, Tyskland, Island og Ungarn. Skulen vår har også vore vertskap for eit internasjonalt prosjektmøte her på Stord. Prosjektet starta i Tsjekkia, og det var også her me samla oss til den avsluttande konferansen i september 2026.

Mykje meir enn eit skuleprosjekt

Det faglege arbeidet har vore sentralt i prosjektet,  men kanskje er det alt det andre som sit aller sterkast igjen hjå elevane som var med. Elevane har fått oppleve ulike kulturar og tradisjonar, samarbeidd med ungdom frå andre land og halde presentasjonar på engelsk framfor eit internasjonalt publikum.

Gjennom praktisk arbeid har elevar og lærarar erfart kor viktig god kommunikasjon, samarbeid og dokumentasjon er. Sidan ulike elevar og lærarar har delteke på dei forskjellige samlingane, har overføring av kunnskap og vidareføring av arbeidet til tider vore utfordrande, men også svært lærerikt.

Eit av dei største høgdepunkta har vore å bli kjende med menneska og kulturane i dei ulike landa. Det har blitt knytt vennskap mellom både elevar og vaksne, på tvers av språk og landegrenser.

For lærarane har prosjektet også gitt ein verdifull moglegheit til å bli betre kjende med elevane våre, på ein heilt annan måte enn i den vanlege skulekvardagen.

Lærarane som har delteke på prosjektet er svært stolte av elevane som har representert Stord vidaregåande skule og Noreg gjennom prosjektet. Dei har vist engasjement, teke utfordringar på strak arm og vore flotte representantar for skulen vår.

Alle som har delteke på prosjektet sit igjen med mange gode minne, nye vennskap og erfaringar som både elevar og lærarar vil ta med seg vidare.

Takk til alle som har vore med og gjort dette prosjektet mogleg!