Hopp til hovedinnhold

Fylkesmesterskap i fagfeltet Elektro og datateknologi

To av skulen sine elevar som held fram diplomar etter å ha deltatt i Fylkesmesterskapet i elektro

Onsdag 04. mars deltok to av våre elevar på Fylkesmesterskap i fagfeltet Elektro og datateknologi på Slåtthaug videregåande skule i Bergen. Cammy og Filip frå VG2 gjorde ein super jobb i konkuransen.

Oppgåva som elevane måtte løyse i konkurransen handla om elektrisk installasjon i ein gang og eit bad, med arbeid i sikringskap, belysning, stikkontaktar og varmekabel utført på eit demoanlegg. Elevane leverte gode og praktiske løysingar under tidspress. Cammy og Filip skal vera svært stolte av det dei oppnådde og skulen er glad for muligheten til å delta på arrangement som dette. Gratulera med vel utført arbeid!