Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til møte om val av programfag

Det vert møte for føresette på VG1 studiespesialisering på tysdag 10. mars. Tema for møtet er val av programfag til VG2 og VG3.

Foreldre/føresette til elevar i klasse 1STA, -B, -C eller -D vert med dette inviterte til møte om val av programfag.

Møtet finn stad i konsertsalen på Stord vidaregåande skule tysdag 10. mars kl. 18.00 og varer 40 minuttar.

Elevane som går i ovannemnde klassar skal i nær framtid velja programfag for vg2. Dette valet er viktig for framtida til elevane her på skulen, men endå viktigare for mogleikane dei har til å velja høgare utdanning etter vidaregåande skule.

Skuleleiinga ser på valet av programfag som so viktig at ein ynskjer at også foreldre/føresette skal vera informerte om kva for reglar som gjeld og kva for programfag skulen vår tilbyr.

 

Vel møtt.