Hopp til hovedinnhold

Dikta til Jon Fosse i ein pirruett

To personar på ein scenen som framfører dikt av Jon Fosse

"Stein til Stein" er ei diktsamling i Jon Fosse sitt rikhaldige forfattarskap. Boka er også utgangpunktet for førestillinga «Snøsong». Gjennom dans, song og folkemusikkprega strengespel på akustisk gitar vart dikta nyleg framført for elevane på vg1 studieførebuande i skulen sin konsertsal.

Namnet på førestillinga, Snøsong, viser til eitt av dikta i samlinga til Fosse, og handlar om korleis naturen i form av fjell, snø og lys kan skape håp hjå det lyriske eget om ein stad der vedkomande skal finne absolutt ro, kvile og kjærleik. I det førestillinga tek til og publikum blir presentert for diktet, er det det berre to personar på scenen. Den eine sit med kassegitar og spelar fraseringar med klare trekk frå folkemusikken. Den andre personen på scenen vekslar mellom å resitere dikta til Fosse, synge dei og uttrykke innhaldet og stemingane i dikta gjennom dans. Mange av spranga og kasta som vert nytta i dansen ber preg av å vere påverka av tradisjonell folkedans. Ved å tonesetje dikta med bruk av tradisjonelle musikalske referansar er dette med på å få dikta til Fosse til å framstå som tidlause, noko Fosse sine utstrakte bruk av retoriske troper og figurar frå naturen også er med på å heve dikta utanfor tid og stad. Førestillinga Snøsong er ein del av Den kulturelle skulesekken (DKS).