Hopp til hovedinnhold

Ungt Entrepenørskap vitja business-klassen på vg1 studiespesialisering

Elevar på vg1 studiespesialisering med fordjuping innan business som har fagdag

På fagdagen fredag 9.januar hadde elevane som går business besøk av Karina K Agasøster i Ungt entreprenørskap. Agasøster leia ein ideutviklingsprosess med elevane, før dei i grupper fekk jobba med å utvikla forretningsidear.

Ut av idéutviklingsprosessen vart det presentert tre spennande konsept basert på reelle samfunnsbehov.

Ein jury sett saman av lærarar, Ungt entreprenørskap og Ingolf Sætrevik i Dualog AS kåra ein vinnar. Dette vart gruppa som hadde ein arbeidsformidlingsapp for ungdom som ide.

På VG2 skal elevane starta eigne ungdomsbedrifter i faget Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1. Då vil ein få god bruk av det ein lærte på denne fagdagen.»