Hopp til hovedinnhold

Sal og service-elevar på bedriftsbesøk til Lagunen storsenter

Elevar på Sal, Service og reiseliv som får omvisning på Fredrik & Louisa hudpleie

Vg1 sal, service og reiseliv vitja Lagunen Storsenter på fagdagen 6. februar. På Fredrik & Louisa hudpleie vart elevane tatt vel imot av Adele, som gav dei ei glimrande innføring i korleis verksemda arbeider med sal og service.

Adele orienterte også elevane om dei administrative sidene ved logistikk og rapportering. Gjennom smittande engasjement og entusiasme i formidlinga si, fekk Adele god kontakt med elevane som kom med mange spørsmål om den spanande drifta. Klassen fekk også oppleve korleis Gullfunn og Sabrura vert drivne og kva grunnverdiar dei baserer drifta si på.