Hopp til hovedinnhold
Ny skule

Velkommen til Stord vidaregåande skule

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Me ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen. Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Julehelsing

Stord vgs ynskjer alle ei god jul!

Må alle ha ei fredeleg jul og eit godt nytt år! Skulen startar opp igjen måndag 5. januar i det nye året.
To helsefagelevar som hjelper sengeliggjande

Me har ledige plassar på helsefag for vaksne

Stord vgs har to grupper som får opplæring i helsefag. Begge gruppene har ledige plassar og kontinuerleg inntak. Opplæringa innheld fire modular, i tillegg til praksis. Ønsker du å starte på helsefagarbeidar-utdanning no, ta gjerne kontakt.

Aktuelle saker

19.12.2025

Tevling og kos på siste dag før juleferien

Skulen sin aktivitetsdag har blitt den siste kraftanstrengelsen for lærarar og elevar før juleferien tek til. Aktivitetane har rett nok eit visst preg av kos og sosialt samvær, slik som brettspel, peparkakebaking og gaming. Men i idrettshallen, der d...

Elevar som spelar volleyball
18.12.2025

Julegraut på Vabakkjen

For å kome i den rette julestemninga vart det servert graut til skulen sine elevar to dagar på rad oppe på Vabakkjen. Den første dagen var det alle vg1-elevane som kunne ta turen innom kantina og få seg ein porsjon. Dagen etter var det vg2 og vg3-ele...

Elevar som forsyner seg med julegraut
18.12.2025

God jul

Skulen ynskjer alle elevar og tilsette ein riktig god og velfortent juleferie.

Julehelsing frå Stord vgs