Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.

Helsesjukepleiar

Saghaugen

Helsesjukepleiar på Saghaugen er Randi Vik. Ho har mobilnummer 457 30 847. Ho er tilgjengeleg for elevar onsdagar og torsdagar 08-15. Kontoret hennar finn du på rom C311.

Vabakkjen

Helsesjukepleier på Vabakkjen er Elisabeth Halland Lunde. Du kan nå henne på mobil 456 59 860. Ho har kontortid på måndagar og torsdagar mellom kl. 08-15, og kontoret henner finn du ved sida av rådgjevarane inne hos Elevtenesta.

Føretrekt måte å kontake helsesjukepleiar på er via SMS, men unngå sensitiv informasjon.

Her er døme på noko av det du kan ta opp i samtalen med helsesjukepleiar:

  • Søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk, rusmiddel
  • Kroppslege plager, spørsmål om helsa di
  • Psykiske vanskar, depresjon, angst, sinne
  • Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar
  • Spørsmål om seksualitet og prevensjon
  • Vanskelege forhold til mat og eting, vektproblem
  • Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep