Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje teknologi- og industrifag?
Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr? Då kan programområdet Teknologi- og industrifag vera noko for deg. Teknologi- og industrifag er utdanningsprogrammet som gjev deg flest ulike moglegheiter vidare.
Eit fagbrev innan eit av desse faga gjev deg gode moglegheiter for jobb i vår region og elles i landet. Det gjev deg og høve til å utdanna deg vidare til dømes med Teknisk fagskule eller Ingeniørskule.