Hopp til hovedinnhold

Tor Espen fekk Holmboeprisen for 2022

Tor Espen med venner

På skulen vår har det vore allment kjent at me har ein svært dyktig kollega og talentfull lærar innanfor matematikkfaget i Tor Espen Kristensen. No har også Norsk matematikkråd fått augo opp for Tor Espen sine kvalitetar og tildelte han difor Holmboeprisen for 2022.

Holmboeprisen er ei kåring av årets beste matematikklærar og blir gitt til nokon med særskilde evner til å formidle matematikk og skape interesse for faget. På skulen si markering i konsertsalen vart Tor Espen gratulert og heidra med blomar frå fylkesordføraren, direktøren for opplæring og kompetanse, gode kollega frå univeristetet i Bergen og med ei videohelsing frå preses ved Det Norske Vitenskapsakademiet. Alle vektla kor inspirerande Tor Espen er for alle rundt han.