Hopp til hovedinnhold

På filmfestival i Bergen

På opningsdagen til årets utgåve av Bergen filmfestival hadde vg1-elevane på musikk og på media, saman med vg3-elevane på media, tatt turen opp for å sjå dokumentarfilmprogrammet som festivalen hadde laga til for dei videregående skulane.

Særleg filmen "Rachan - Ellas opprør", som handlar om den samiske artisten Ella Maria Hætta Isaksen sitt engasjement for å verne Repparfjorden mot gruvedrift, skapte stor åtgaum hjå det unge publikummet. Etter filmen kom Ella Isaksen fram på scena og svarte på alle spørsmåla som kom frå salen. Dei mest ivrige fekk i tillegg tatt ein sjølfi saman med artisten.