Elevane på Meistring og utvikling hadde invitert årets festilvalforfattar på Falturiltu til å bli bokbada. På scenen i skulen sin konsertsal var det rigga til med litterær salong og alle som var interessert kunne stikke innom for å høyre på. Torklidsen fekk spørsmål om boka si Arrfjes, som er ein sjørøvar roman lagt til 1800-talet. Han svarte også på kvifor han hadde vald å bli forfattar og kvifor humor var såpass viktig i bøkene sine. Torkildsen svarte grundig og personleg på alle spørsmåla, og då han fekk ei oppfording om å fortelje ein vits, var han heller ikkje vond å be. Det var god stemning i salen og elevane bidro med song og eigne vitsar for å skape eit variert program.