I veke 10 vil elevane ved skulen få spørsmål om å delta i to spørjeundersøkingar. Den eine handlar om skulemat og den andre om psykisk helse. Begge undersøkingane er anonyme, og det er frivillig å delta.
Undersøking om skulemat
Spørsmåla i undersøkinga handlar mellom anna om mat- og måltidsvaner, trivsel, konsentrasjon, læring, deg og familien din. Det vil ta om lag 10 minutt å svare på spørjeskjema og undersøkinga er anonym.
Undersøkinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet og skal gjennomførast i Oslo, Viken og Vestland. Fylkeskommunane vil bruke resultata i planlegging- og evalueringsarbeid av gratis skulemåltid. Resultata vil og bli brukt i forsking- og utviklingsprosjekt.
Les meir i informasjonsskriv til elevar og føresette om undersøkinga om skulemat.
Undersøking om psykisk helse
Undersøkinga om psykisk helse omhandlar elevane si oppleving av det psykiske helsetilbodet. Undersøkinga er frivillig og anonym. Det vil ikkje bli mogleg å identifisere enkeltpersonar ut frå svara.
Resultata vil bli nytta som kunnskapsgrunnlag for politiske vedtak i fylkeskommunen og brukt i dialog med kommunane, særleg om skulehelsetilbodet. Forsking- og utviklingsmiljø vil få tilgang til resultata og studentar vert involvert i analysearbeidet.
Les meir i informasjonsskriv til elevar og føresette om undersøkinga om psykisk helse.