Hopp til hovedinnhold

Elevtenesta i gang igjen med trivselsonsdagar

Elevar som spelar Bingo

Førre skuleår vart det tatt initativ til å få i gang eit aktivitetstilbod i lunsjpausen. Slik oppstod Trivselsonsdagar, der elevane kan møtast i utvalde klasserom for drøs og felles aktivitet. Første november vart konseptet dratt i gang igjen for det inneverande skuleåret.

På den første trivselsonsdagen hadde elevane på Saghaugen høve til å velje mellom ukulelekurs, bli med på leiken "Forrædar" eller ta del i ei økt med Bingo. Etter noko trøbbel med ei litt uhandterleg Bingo-tombola, fekk ein til slutt ein vinnar av den første Bingo-rekkja. På Heiane var det fotballkafé som gjaldt. Elevane som tok del i aktivitetane såg ut til å ha det kjekt, men det er absolutt rom for at fleire kan bli med når den neste trivselsonsdagen går av stabelen i ein komande lunsjpause.