Med oppsetjinga kantaten Carmina Burana markerer musikklinja at det er 40 år sidan utdannningstilbodet starta opp på skulen vår
Musikkstykket som skal markere jubiletet er eit storverk som i dette tilfelle kjem til å innvolverer både Sunnhordland Kammerorkester, solist Arne Kvarven, Stord Soul Children og ikkje minst nye og tidlegare elevar ved musikklinja som denne gongen til utgjere koret. Mange av medlemma i Sunnhordland Kammerorkester har òg gått musikklinja tidlegare. Det same har dirigent Sigvald Ottesen.
Frå øvinga til Carmina Burana



Carmina Burana vart komponert av Carl Orff (1895-1982) mellom 1934-36. Teksten er basert på middelalderdikt, skriven rundt 1100-talet, som blei funnen i klosteret Benediktbeuren i Bayern på 1800-talet. Innhaldet i dikta spenner frå kjærleiksdikt via moralsk-satiriske dikt til drikkeviser, alt ramma inn av satsen om skjebnegudinna Fortuna. Både gamle og nye elevar har måtta lære seg latinsk med tysk uttale og ikkje minst middelalderhøgtysk. Framføringa av verket denne gongen vil nytta eit arrangement for kammerorkester, kor og solistar frå 2022 av Paul Leonard Schäffer.