Karakterar på eksamen i norsk hovudmål og norsk yrkesfag måndag 22. mai blir kunngjort i VIS tysdag 20. juni innan kl. 17.00. Du vil finne karakteren i VIS under Vurderingar - Eksamen.Skulen vil sende sms når resultatet er klart. Om du ikkje har fått sms innan kl. 17.00 tysdag 20. juni må du likevel logge deg inn i VIS for å sjekke karakteren.
Har du søkt om annullering av norsk eksamen?
Du kan framleis velje om du vil ha karakteren frå norskeksamen eller annullering/dispensasjonsvedtaket på vitnemålet ditt.
Ønskjer du å bruke karakteren frå hovudmålseksamen på vitnemålet?
Då må du gi beskjed til skulen din så snart som mogleg og seinast onsdag 21. juni kl. 10.00. Send i så fall ei skriftleg melding til skulen sitt postmottak; post.stv@vlfk.no.
Det er ditt ansvar å gi beskjed. Dersom skulen ikkje høyrer frå deg, vil det bli ført annullering/dispensasjonsvedtak på vitnemålet ditt.
Ønskjer du å ha annullering/dispensasjonsvedtak på vitnemålet
Du treng ikkje å gjere noko om du har søkt om annullering og framleis ikkje vil ha karakteren på vitnemålet.
Når løner det seg å behalde karakteren?
Om karakteren du får på eksamen er høgare enn karaktersnittet på vitnemålet ditt, løner det seg å ha med eksamenskarakteren på vitnemålet, i staden for annulleringsvedtaket.
Du kan lese om korleis du kan rekne ut snittet ditt på denne sida. https://www.samordnaopptak.no/info/opptak/opptak-uhg/poengberegning/index.html
(Det er uttrykket «karakterpoeng» du skal halde deg til når du reknar ut snittet ditt, altså karaktersnittet utan realfagspoeng, språkpoeng og kjønnspoeng.)
Resultat frå andre eksamenar
Resultat frå dei andre skriftlege eksamenane dine blir klare innan 21. juni kl 17. Du vil finna dei i VIS.
Altså: Vent på ny melding om at eksamenskarakteren er komen (tysdag 20. juni). Det du kan gjera i mellomtida, er å finna ut karaktersnittet ditt.