Hopp til hovedinnhold

Annullering av eksamen i norsk hovudmål og norsk YF

Informasjonen på denne sida gjeld BERRE eksamen i norsk hovudmål og norsk yrkesfag avholdt måndag 22. mai:

Sensuren etter eksamen i norsk hovudmål (NOR1267, NOR1270, NOR1420) og norsk yrkesfag (NOR1262) er no klar. Du kan sjå karakteren din i VIS under Vurderingar – Eksamen.

Du må no avgjera om du vil ha eksamenskarakteren med på vitnemålet eller ikkje. Det er tre moglege scenario:

    A) Dersom du skreiv deg på lista over dei som vil ha eksamen i norsk hovudmål annullert, og framleis er av same meining, treng du IKKJE gjera meir med saka. Då vil annulleringsvedtaket bli ført på vitnemålet ditt, i staden for eksamenskarakteren.

    B) Dersom du skreiv deg på lista over dei som vil ha eksamen annullert, men no har endra meining, MÅ du melda frå om dette i ein e-post til skulen. E-posten skal sendast til post.stv@vlfk.no. Du må skriva kva du heiter, at du har ombestemt deg og at du likevel vil ha eksamenskarakteren i norsk hovudmål med på vitnemålet. Siste frist for å melda frå er torsdag 22. juni kl. 10.00.

    C) Dersom du IKKJE skreiv deg på lista over dei som vil ha eksamen i norsk hovudmål annullert, men no ynskjer å få den annullert, likevel, må du melda frå om dette i ein e-post til skulen (post.stv@vlfk.no). Siste frist for å melda frå er torsdag 22. juni kl. 10.00.

Resultatet av dei andre skriftlege eksamenane skal vera klart i VIS seinast onsdag 21. juni kl. 17.00.

Det vart lagt ut ei melding om det ovanståande fredag 16. juni. Du kan lesa meldinga her: https://www.stord.vgs.no/elevar-og-foresette/eksamen-og-vurdering/kansellering-av-eksamen-varen-2023/